Organisasjonsprogram 2023–2027 (nynorsk)

FO skal vere den føretrekte fagforeininga for FO-profesjonane, og vere tufta på sterke faglege fellesskap med høve til aktivt å påverke utviklinga innanfor fagfelta. FO må difor til kvar ei tid ha eit godt og relevant medlemstilbod. Dette inneber å forstå behova som medlemmane har for organisering, og å tilpasse organisasjonen til utviklinga i samfunnet og arbeidslivet.

FO skal arbeide for å vareta interessene til medlemmane på best mogleg måte, og fremje mangfald, engasjement og involvering i ulike ledd i organisasjonen. Organisasjonen skal så langt som råd nytte seg av kunnskapen og ressursane i eigen medlemsmasse, og skape eit tettare samarbeid og samhandlingsprosessar i dei ulike ledda og fagfelta i organisasjonen.

Neste