FO er fagforeininga for barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar. Medlemmane i FO har eit unikt sosialfagleg blikk på sosiale, økonomiske og helsemessige problem i samfunnet. Det er den sosiale dimensjonen ved faga som bind oss saman. Kompetansen som FO-medlemmane sit med, er såleis heilt uvurderleg i helse-, sosial- og velferdstenestene.
FO har som hovudmål å betre løns- og arbeidsforholda til medlemmane og vareta dei profesjonsfaglege interessene deira. Forbundet skal synleggjere og vise behovet for kompetansen til medlemmane, og den viktige rolla profesjonane har som premissleverandørar og bidragsytarar i velferdsstaten. FO skal drive politisk påverknadsarbeid på sentrale politikkområde. Forbundet har ein tydeleg verdiforankra politikk. FO er partipolitisk uavhengig og for ei fri og uavhengig fagrørsle. FO er tilslutta LO og har organisasjonsretten for barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar. Å vere medlem i FO betyr å stå opp for seg sjølv og kollegaer, for dei sosialfaglege profesjonane og for alle som har behov for helse-, sosial- og velferdstenester.
FO skal vere ei open, synleg og profilert fagforeining. FO skal vere ei fagforeining med sterk faglegheit og tydeleg kampkraft. Politisk påverknad, organisasjonsbygging, skulering av tillitsvalde og rekruttering skal stå sentralt. FO skal vere eit naturleg val, og bidra til å styrkje profesjonsidentiteten til dei som er eller utdannar seg til å bli barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar. FO skal bidra til å styrkje profesjonsidentitet og organisasjonsgrad blant barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar. FO anerkjenner behovet for ulik kompetanse og tverrfaglegheit i tenestene.
Verdiforankringa til FO
FO er både fagforeining og profesjonsforbund. FO har eit humanistisk og demokratisk verdigrunnlag, og det pregar både arbeidet vårt og politikken vi står for. Som fagforeining arbeider vi dagleg med utfordringar knytte til løns- og arbeidsvilkåra til medlemmane, og vilkåra deira for profesjonsutøving. FO er grunnlagt på erkjenninga av at kvar profesjon løftar seg ved å gå saman i eit større sosialfagleg fellesskap. Akkurat som kvar profesjonsutøvar står sterkare ved å fagorganisere seg.
Ein velferdsstat bygd på solidaritet, likeverd og rettar
FO-profesjonane har vakse fram parallelt med den norske velferdsstaten. Fagrørsla har vore og må vere sentral i å byggje velferdsstaten med verdiar som solidaritet og kollektive løysingar.
Velferdstenestene skal finansierast av det offentlege. Det er eit offentleg ansvar å sørgje for at velferdstenester er av høg kvalitet, universelle, skattefinansierte, differensierte og tilgjengelege for alle uavhengig av juridisk status. Styring og leiing av tenestene i velferdsstaten skal vere basert på tillit til kompetansen og det faglege skjønet til dei tilsette. FO skal kjempe mot fattigdom og ulikskap i levekår, og aktivt forsvare og vidareutvikle velferdsstaten.
Klimaendringar og tap av naturmangfald truar velferda og naturen vi er avhengige av. FO skal vere ein aktiv pådrivar i kampen mot klima-, miljø- og naturøydeleggingar.
Eit demokratisk samfunn tufta på likskap og rettferd føreset inkludering. Heile folkesetnaden skal ha påverknadskraft og høve til å delta i samfunnsutviklinga. Fleire internasjonale konvensjonar inneheld verdiar FO vil skal gjelde alle. FO forsvarar individuelle fridomar som ytringsfridom og organisasjonsfridom.
Full likestilling mellom kjønna og likebehandling av menneske uavhengig av sosial, økonomisk og juridisk status, kjønns- og seksualitetsmangfald, funksjonsevne, alder, livssyn, etnisk bakgrunn og kultur er viktige mål for forbundet. Alle menneske har rett til å definere seg sjølve. FO støttar innføringa av eit tredje juridisk kjønn.
FO anerkjenner rettane til den samiske folkesetnaden som urfolk, og kampen som samane fører for å utvikle og bevare språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt.
Respekt for enkeltmenneske og retten til eit verdig liv
Når helse- og sosialarbeidarar møter menneske med behov for hjelp, aktualiserer det tema som hjelp og kontroll, frivilligheit og tvang, individ og samfunn. FO-medlemmane skal jobbe i tråd med det yrkesetiske grunnlagsdokumentet til FO. Det inneber å handtere etiske dilemma som del av yrkesutøvinga. Respekten for enkeltmennesket og retten til eit verdig liv er grunnleggjande i helse- og sosialfagleg arbeid. Likeverd og inkludering, sjølvråderett og engasjement, tryggleik, openheit og omsorg er sentrale verdiar som må liggje til grunn for praksisen til profesjonsutøvarane.
Den enkelte FO-medlem er ansvarleg for eigne handlingar og for å utvikle seg som profesjonsutøvar gjennom etisk, fagleg og juridisk refleksjon over eigen praksis.
Medlemmane i FO har ansvar for å seie frå om og engasjere seg i forhold som skaper sosiale problem og bidreg til sosial utanforskap og uverdige livsvilkår.