Prinsipprogram 2023-2027 (nynorsk)

2.1 Oppgåvene til velferdsstaten skal løysast fagleg forsvarleg og med god kvalitet

FO-medlemmane skal gjennom profesjonskompetansen bidra til å kvalitetssikre og utvikle velferdstenestene. Barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar skal ha autorisasjon.

Kompetanse og bemanning er viktig for å sikre forsvarlege tenester. Medlemmane i FO må ha tillit og handlingsrom til å bruke den faglege kompetansen i tenestene.

Profesjonane har ulik kompetanse, utfyller kvarandre og har som samfunnsmandat å sikre tenester av høg kvalitet til menneske i utsette livssituasjonar. FO skal gjere tenesteapparatet medvite om kompetansen som krevst for å dekkje arbeidsområda til aktuelle stillingar.

Samfunnsmandatet som profesjonane har, inneber eit kritisk blikk på verdiane og rammene som til kvar ei tid styrer samfunnet. FO-medlemmane er også politiske aktørar, og skal påverke rammevilkår for arbeidet og melde frå når tiltak og tenester får uheldige konsekvensar for samfunn, grupper eller enkeltpersonar.

Det er viktig at kompetansen til den enkelte profesjonen dekkjer kompetansebehova i fagfelta, både gjennom profesjonsutdanninga og vidare profesjonsutvikling. FO skal jobbe for nok studieplassar. Ambisjonane for kvalitet i den profesjonelle kompetansen og profesjonsidentiteten må vere høge. Godkjenningsordningane FO har, bidreg til å sikre rett kompetanse og god kvalitet i velferdstenestene.

Ei tillitsreform i offentleg sektor må fremje høvet dei tilsette har til å nytte fagleg skjøn i profesjonsutøvinga.

2.2 God kvalitet på utdanningane sikrar gode profesjonsutøvarar

Utdanning og kompetanseutvikling skal sikre at kompetansen til studentane og profesjonsutøvarane fyller samfunnsmandatet til profesjonane og gir fagleg tryggleik. Profesjonsutdanningane må vere tilgjengeleg i heile landet, og ha tilstrekkeleg finansiering. Fleirtalet av dei tilsette i profesjonsutdanningane skal ha utdanning tilsvarande profesjonen denne utdannar studentar til. Utdanningane skal ha ei forsvarleg vurdering av føresetnadene for å vere skikka.

Det faglege innhaldet, kvalitetsnivået, omfanget til og lengda på utdanningane skal vareta tenestene og brukarbehova, og i tillegg utvikle ny kunnskap. Det inneber at dei må vere tett på praksisfeltet. Det må vere rom for å utvikle eit eige særpreg og drive med uavhengig forsking. Den spesifikke kompetansen til profesjonsutdanninga skal tydeleggjerast, og tverrfagleg samarbeid skal styrkjast, slik at dei utfyller kvarandre i sosial-, helse- og velferdstenestene.

Nasjonale utdanningsstrukturar skal sikre medlemmane høve til kompetanseheving på ulikt nivå – til dømes etter- og vidareutdanning, klinisk kompetanse, mastergrad og doktorgrad.

2.3 Utdanningane må vere praksisnære og forskingsbaserte

Utdanninga og praksisperiodane skal gi studentane innblikk i praksisfeltet og følgjast opp av kvalifisert rettleiar, helst frå eigen profesjon. Tenestestadene skal vere forplikta til å ta imot studentar i praksisstudium, og leggje til rette for rettleiing og eit godt læringsmiljø.

FO vil ha ein heilskapleg gradsstruktur med bachelor, master og doktorgrad. Både tverrfaglege masterar og profesjonsmasterar skal kunne føre fram til doktorgrad. Sterke kompetanse- og forskingsmiljø ved utdanningsinstitusjonane skal byggjast opp systematisk. Ein føresetnad for dette er etablering av stipendiat- og doktorgradsstillingar som blir prioriterte til profesjonane som FO organiserer.

Forsking og utviklingsarbeid innanfor sosial-, helse- og velferdstenestene skal styrkjast og utførast i samarbeid med tenestene. FO skal jobbe kontinuerleg med godkjenningsordningar og autorisasjonskrav i tråd med profesjonsutviklinga. Vi må sikre god og tilgjengeleg utdanning i heile landet. Det omfattar både desentraliserte studium og deltidsutdanningar. Utdanningsinstitusjonane har ansvar for å etablere karrierevegar for tilsette med profesjonsbakgrunn i sektoren.

FO skal vere ein aktiv og sentral utdanningspolitisk aktør. FO må bidra i utvikling og forsvarleg bruk av velferdsteknologi og kunstig intelligens.

Neste