Prinsipprogram 2023-2027 (nynorsk)

I ei tid med store klimaendringar, geopolitiske utfordringar og fleire pågåande samfunnskriser og konfliktar er internasjonalt samarbeid og solidaritet viktigare enn nokon gong. Klima- og miljøproblem påverkar livsgrunnlaget til alle, og skaper helserelaterte og sosiale problem. Utfordringane er størst for dei som allereie har det vanskelegast. FO er forkjempar for velferdsstaten og kollektive løysingar, og står såleis i opposisjon til ein marknadsliberalistisk ideologi. Noreg skal føre ein human flyktning- og asylpolitikk i tråd med anbefalingane frå FN og internasjonale konvensjonar.

Faglege og demokratiske rettar, mangfald og solidaritet må styrkjast gjennom nordisk, europeisk og internasjonalt fagforeiningssamarbeid. Slik FO ser det, gjer globaliseringa det nødvendig med auka fagforeinings- og profesjonsfagleg samarbeid og internasjonal fagutveksling blant helse- og sosialarbeidarar.

6.1 Fagforeiningssamarbeid på tvers av landegrenser løyser internasjonale utfordringar

Verdssamfunnet har framleis sterkt press på seg til å liberalisere handel med tenester gjennom ulike handelsavtalar og tenestedirektiv frå EU. Presset om å leggje offentlege tenester ut på anbod held fram i mange kommunar, og kan støtte seg på internasjonalt regelverk som Noreg har slutta seg til gjennom EØS-avtalen. FO meiner at Noreg i større grad bør nytte handlingsrommet i EØS-avtalen til å sikre rettane til arbeidstakarane, og ta omsyn til klima, miljø og natur i arbeidslivet.

6.2 Profesjonsfagleg dialog bidreg til internasjonal fagutveksling

Ei globalisert verd får konsekvensar og byr på utfordringar for helse- og sosialfagleg arbeid. Migrasjon og innvandring skaper kulturelle møte som gir oss nye utfordringar. Ein felles arbeidsmarknad i EU/EØS-området skaper utfordringar for faglege standardar, autorisasjonsordningar og utdanningskrav. Det er viktig å skape arenaer for profesjonsfagleg dialog på tvers av landegrensene, og delta på dei.

6.3 Internasjonalt solidaritetsarbeid sikrar global forståing og engasjement

Gjennom internasjonalt solidaritetsarbeid møter vi menneske frå land der menneskerettar og faglege rettar blir brotne, og der krig, diktatur og undertrykking pregar kvardagen.

FO støttar helse- og sosialarbeidarar i desse landa for at dei skal få høve til å organisere seg, drive fagleg og politisk kamp, fagutvikling og fagutveksling. FO skal samarbeide med etablerte bistands- og hjelpeorganisasjonar, og leggje til rette for medverknad og engasjement lokalt.

FO er uroa over den aukande trusselen om bruk av atomvåpen i pågåande konfliktar. FO appellerer til regjeringa om å signere krava frå FN om forbod mot atomvåpen.