Prinsipprogram 2023-2027 (nynorsk)

Ifølgje FNs klimapanel hastar det med å gjere omleggingar for å avgrense klimautsleppa, at vi tilpassar oss klimaendringane og oppnår ei berekraftig utvikling. FO sluttar seg til at vi må auke investeringane i klimatiltak, kutte overforbruket og sikre naturmangfaldet og økosystema. Vi må stoppe den gradvise nedbygginga av naturen. Oljeleitinga på norsk sokkel må innstillast med éin gong slik FNs klimapanel anbefaler, og den eksisterande produksjonen må reduserast i tråd med målsetjingane i Parisavtalen.

Klima- og miljøendringane skaper nye utfordringar for helse- og sosialarbeidarar, og vi må i større grad inkludere klima- og miljøperspektiv i arbeidet vårt. Klimaendringane fører til negative konsekvensar for livsgrunnlag, fysisk og psykisk helse og sosiale forhold. Overforbruk er eit problem i Noreg og dei fleste land i verda. FO skal vere ein pådrivar for at styresmaktene får på plass tiltak for eit redusert og meir berekraftig forbruk. FO skal arbeide for å redusere eige klimaavtrykk og gjere miljømedvitne val ved innkjøp av varer og tenester.

Innføring av klimatiltak må gjerast på ein sosialt berekraftig måte. FO skal jobbe for at dei mest sårbare i samfunnet blir inkluderte i omstillinga. Eit samfunn med små lønsskilnader og gode velferdsordningar er essensielt for å få det til. Dialog og trepartssamarbeid er viktig, og tillitsvalde må involverast når arbeidsplassane skal planleggje og setje i verk tiltak for å vareta klima og natur. FO skal jobbe for at personar med avgrensa økonomiske ressursar blir inkluderte på ein sosialt berekraftig måte.

Neste