Prinsipprogram 2023-2027 (nynorsk)

FO-medlemmane jobbar innanfor heile spekteret av tenester som velferdsstaten yter, og møter menneske i alle livsfasar. FO skal vere ein aktiv helse- og sosialpolitisk aktør. FN-berekraftmåla som går på arbeid mot fattigdom, ulikskap og klimaendringar, skal vere sentrale for det helse- og sosialpolitiske arbeidet til FO. FO skal synleggjere og motverke samfunnsstrukturar som skaper auka skilnader, fattigdom, sosial ulikskap, uverdige livsvilkår og sosial utstøyting. Personar som oppheld seg i Noreg utan identifikasjonspapir eller gyldig opphaldsløyve, skal ha den same retten til helsehjelp som resten av folkesetnaden. Noreg skal vere eit land utan fattigdom. Eit inkluderande arbeidsliv er grunnleggjande for sosial utjamning og førebygging av fattigdom. Personar som av ulike årsaker ikkje kan delta i arbeidslivet, må sikrast eit forsvarleg trygde- og stønadsnivå og meiningsfulle aktivitetar.

Personar med særskilde behov skal sikrast individuelt tilrettelagde tenester frå yrkesutøvarar med høg fagleg kompetanse på fagområdet. Tenestene må vere baserte på tverrprofesjonelt og tverrsektorielt samarbeid. Brukarar av velferdstenester er viktige bidragsytarar med tanke på å betre og utvikle tenestene. Å vere ein ressurs og aktør i eige liv er ein føresetnad for utvikling og endring. Medråderett og brukarmedverknad skal sikrast.

FO skal sjå til at alle får individuelt tilrettelagde tenester i eit livsløpsperspektiv. FO skal gjennom fagleg og politisk påverknad vere ein pådrivar for at eldre får hjelpa og omsorga dei har behov for, når dei treng det. Den profesjonsfaglege kompetansen vi sit med, skal bidra til å påverke politikken og den politiske viljen til å vareta den kulturelle bakgrunnen, rettane og sjølvråderetten til dei eldre.

3.1 God kvalitet og tilgjengelege velferdstenester for alle.
Ein velferdsstat bygd på solidaritet og likeverd er ein føresetnad for å oppnå og oppretthalde eit samfunn som er godt for alle. FO meiner at velferdsordningane i størst mogleg grad skal vere universelle og i offentleg regi. Det må sikrast gode og målretta ordningar for enkeltpersonar og grupper med særskilde behov. Velferdsstaten generelt, og trygdeordningar spesielt, er avgjerande for å nå målet om å delta i eit samfunn der alle har dei same rettane og moglegheitene.

Ideelle organisasjonar er eit supplement til velferdstenester i offentleg regi. Tenesta skal vidareutviklast gjennom driftsoverskot. Ideelle og kommersielle tilbod skal regulerast av det offentlege. Ideelle organisasjonar skal ha stabile vilkår og ikkje vere prisgitte marknadsbaserte, kommersielle anbodsordningar. Drifta av sjukehus skal sikrast betre folkevald styring og kontroll ved at ein i staden for marknadsøkonomiske prinsipp nyttar faglege og tenestlege behov som styringsparameterar. Offentlege tenester må byggjast slik at ein ikkje gjer seg avhengig av kommersielle aktørar.

Alle i Noreg skal bu trygt, ha ein akseptabel bustandard og vere i stand til å betale buutgiftene sine. Det er viktig å førebyggje og motverke bustadløyse, og bustadsosialt arbeid skal vere eit prioritert område. Bustadtilbodet må vere stort og variert nok til å vareta ulike behov.

3.2 Sterke lokalsamfunn

Kommunalt lokaldemokrati sikrar innbyggjarane god velferd. Gode lokalsamfunn blir bygde ved å gi kommunane tydeleg ansvar og nok ressursar til å yte gode tenester, og det skaper grunnlag for deltaking og demokrati. Eit sterkt lokalstyre føreset openheit, innsyn og høg grad av deltaking, også der tenester blir ytte i samarbeid eller partnarskap med andre (t.d. i form av interkommunalt samarbeid). Endringar i kommunestrukturen skal vere baserte på lokaldemokrati.

Politisk merksemd på kommunale velferdsoppgåver – med klare målsetjingar og nødvendige økonomiske prioriteringar – gir gode velferdstenester som resultat. Kor godt kommunane evnar å løyse velferdsoppgåver, avheng av økonomiske rammer og rett kompetanse nær folkesetnaden. FO skal jobbe for å sikre nødvendige økonomiske rammevilkår.

3.3 God oppvekst for barn og unge

Alt arbeid med barn skal skje i tråd med barnekonvensjonen til FN. Konvensjonen skal leggjast til grunn for statusen barnet har som eige rettssubjekt. Både barn og unge sjølve, og dei som jobbar med barn, unge og familiane deira, skal vere kjende med konvensjonen. Barn skal sikrast rettar, påverknadskraft og medverknad på alle arenaer og samfunnsområde, og i avgjerder som omhandlar barn.

Barn har rett til forsvarleg omsorg og vern. Barn skal vekse opp i tryggleik, kjærleik og forståing, og så langt som råd i eigen familie eller eige nettverk. Barnevernet skal fungere som tryggleiksnett for at barn og unge får ein god oppvekst. Barnevernslova skal gjelde alle barn som oppheld seg i Noreg.

Barn skal ha likeverdige tilbod og gode og trygge oppvekstvilkår
Alle oppvekstarenaer skal vere tilgjengelege for alle barn, uavhengig av kva funksjonsnivå barnet har og korleis økonomien til familien ser ut. Samfunnet har eit særleg ansvar for barn i utsette livssituasjonar. Familiane til barn med omfattande behov for hjelp skal få avlasting og bli varetekne med gode rammevilkår for familielivet. Tenestetildelinga må skje på ein heilskapleg og samordna måte.

Tidleg innsats er med på å førebyggje psykiske og sosiale utfordringar seinare i livet. Gode helsestasjonar, barnehagar, skular, skulehelsetenester og skulefritidsordningar er sentralt for alle barn. Tverrfagleg kompetanse som omfattar sosialfagleg kompetanse på desse arenaene er eit viktig verkemiddel for at alle barn skal føle tryggleik og tilhøyrsle, ha god utvikling og gode læringsrammer. Tenestene skal ha forsvarleg kapasitet og kompetanse, og vere koordinerte og tverrfaglege. Alle barn skal kunne delta på fritidsaktivitetar uavhengig av økonomi.

FO krev nulltoleranse for mobbing og alle former for trakassering på arenaer der barn og ungdom ferdast.

Neste