Prinsipprogram 2023-2027 (nynorsk)

FO er ein feministisk organisasjon, og har særleg fokus på kvinne- og likestillingspolitikk nasjonalt og internasjonalt. Feminisme er samlenemning for ideologi, idétradisjon, etikk, politikk og akademisk verksemd som primært handlar om kvinnefrigjering, men òg om fridom, likestilling og rettferd for alle. Dei største utfordringane knytte til likestilling kjem av samfunnsstrukturar som må endrast. Avdekking og motarbeidinga av kulturar, haldningar og strukturar som fører til kvinneundertrykking, er viktige element i arbeidet for å oppnå reell likestilling.

FO ønskjer eit samfunn der alle har like rettar, plikter og påverknadskraft i arbeidslivet, samfunnet og heimen, uavhengig av kjønn. Økonomisk sjølvstende er ein føresetnad for likestilling. Likeløn og verdsetjingsdiskriminering skal stå høgt på den offentlege dagsordenen.

4.1 Kvinnepolitikk

Likestilling er ein føresetnad for kvinnefrigjering. I FO er ein særleg oppteken av å styrkje posisjonen som kvinner har i arbeidslivet. Arbeidslivet og organisasjonslivet skal ha rammevilkår som legg til rette for at kvinner kan delta aktivt. Kvinner skal rekrutterast inn i leiarstillingar. Auka kvinnedeltaking i styrande organ i eigen organisasjon og i LO sikrar demokratisk balanse. Det føreset gode rammevilkår og tilrettelegging for ulike livsfasar og behov.

Det er eit offentleg ansvar å redusere omfang og skadeverknad av vald i nære relasjonar, seksuelle overgrep, seksuell trakassering, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, menneskehandel og prostitusjon. Dette er i stor grad knytt til maktubalanse i samfunnet, og kvinner er spesielt utsette.

FO må jobbe for at det skal vere tilgjengelege krisesenter for alle i heile landet, med særleg fokus på utsette grupper.

Det er dokumentert at helsevesenet manglar kjønnsperspektiv og kjønnsspesifikk kunnskap. Kvinnehelse har framleis låg status når det gjeld både forsking, finansiering og prioritering. FO skal jobbe for at det blir utnemnt eit offentleg utval som vurderer arbeidshelsa til kvinner. Ei hovudoppgåve for utvalet må vere å problematisere og utforske ulikskapar i arbeidsbelastningane i kvinne- og mannsdominerte yrke. Det kan til dømes vere emosjonelle belastningar, sekundær traumatisering og vedvarande stressituasjonar.

Kvinner har i dag dårlegare soningsforhold enn menn. Det må sikrast likeverdige soningsforhold over heile landet. Dette gjeld særleg tilgangen på relevant arbeidstrening og opplæring, og høvet til å halde kontakt med barn og familie.

4.2 Likestillingspolitikk

Ein grunnleggjande føresetnad for eit inkluderande samfunn er likebehandling av menneske uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kjønns- og seksualitetsmangfald, livsfase, livssyn, etnisk bakgrunn og kultur. Individuelt tilpassa tenestetilbod føreset at helse- og sosialarbeidarar har kompetanse til å jobbe innanfor ulike kulturelle rammer.

Deltaking i arbeidslivet skaper sosial tilhøyrsle og inkludering. Dei grunnleggjande menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne blir ikkje innfridde. Personar med nedsett funksjonsevne skal i Noreg ha dei same menneskerettane som andre, og FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) må difor integrerast i menneskerettslova.

Mangfald kan gjere arbeidslivet, organisasjonane og samfunnet som heilskap rikare på kunnskap, språk, kulturuttrykk, haldningar og livssyn. I det fleirkulturelle Noreg må det vere rom for store skilnader i levemåte, kultur og religion.

FO skal ha fokus på likestillingsutfordringar på område der eitt kjønn eller éin bestemt kjønnsidentitet er tydeleg overrepresentert. Offentlege tenesteytarar skal så langt som råd spegle mangfaldet i folkesetnaden, og ein må stimulere til at fleire menn vel helse- og sosialfaglege utdanningar og yrke. Arbeidslivet skal ha rammevilkår som legg til rette for kjønnsmangfald i alle delar av arbeidslivet.

Samfunnet må verdsetje og bidra til å skape ein inkluderande og universell infrastruktur som gjer det enklare for alle å delta i arbeidslivet.

Neste