Prinsipprogram 2023-2027 (nynorsk)

Tariffpolitikken til FO skal vere tufta på ein solidarisk og rettferdig lønspolitikk. Trepartssamarbeidet føreset høg grad av organisering i arbeidslivet. Samarbeid er berande i den norske modellen, og sikrar god involvering og gjensidig plikttil å skape kvalitet i tenestene. Fagorganisering og faglege rettar er grunnpilaren for eit velfungerande og godt arbeidsliv. Lov og avtaleverk skal sikre dette.

FO skal forsvare ei sterk arbeidsmiljølov og gode kollektive avtalar. FO skal vareta verdien av tariffavtalen og sikre streikeretten.

Ein god arbeidslivspolitikk skal vareta alle arbeidstakarar i eit livsløpsperspektiv.

1.1 Solidarisk og rettferdig lønspolitikk

Fastsetjinga av løn skal i hovudsak gjerast sentralt. Ved lokal lønsdanning skal det leggjast sterke føringar i tråd med lønspolitikken til FO.

Omsynet til likeløn skal stå sentralt i alle delar av lønsdanninga, også lokalt. Aktivitets- og utgreiingsplikta (ARP) må nyttast aktivt for å avdekkje og jamne ut ulikeløn. Frontfagsmodellen er ikkje til hinder for å gi kvinnerike grupper i offentleg sektor eit likelønsløft.

Lik løn for arbeid av lik verdi, uavhengig av kjønn

Ei løn å leve av er viktig i eit likestillingsperspektiv, og likeløn er ein føresetnad for det. Kvinnerike yrke og tenesteområde er lågare verdsette, trass i at krava til kompetanse og utdanningslengde er dei same. Dette er verdsetjingsdiskriminering som inneber at lønsskilnader i stor grad følgjer ein kjønnsdelt arbeidsmarknad.

Ulik løn mellom langtidsutdanna i privat og offentleg sektor, og mellom kvinnerike og mannsdominerte område, skal motverkast. Løna innanfor eitt og same forhandlingsområde skal vere lik for likeverdige grupper.

Utdanning og kompetanse skal løne seg

Utdanning på alle nivå, relevant yrkeserfaring, ansiennitet, ansvar og leiarskap skal gi lønsmessig utteljing.

Grøne tariffkrav

FO skal fremje grøne tariffkrav i form av føresegner som kan betre og vareta omsynet til natur, klima og miljø.

Velferdstenester skal ikkje drivast av profittomsyn

Velferdstenestene skal i hovudsak drivast av det offentlege, i samarbeid med ideelle verksemder som eit supplement. Verksemder skal ikkje «tariffhoppe» for å unngå gode tariffavtalar, då det svekkjer løns- og arbeidsvilkåra til arbeidstakarane.Det skal vere bransjevis harmonisering av tariffavtalar.

Tillitsvalde skal ha lovfesta rett til innsyn i arbeidsavtalar, løns- og arbeidsforhold. Det gjeld òg ved konkurranseutsetjing og privatisering av tenester. Norske løns- og arbeidsvilkår skal gjelde for alle som arbeider i Noreg, og FO skal arbeide mot sosial dumping.

1.2 Gode arbeidsforhold

Alle arbeidsforhold skal vere regulerte gjennom eit sterkt lov- og avtaleverk som sikrar medråderett.

Faste tilsetjingar, heile stillingar og normalarbeidsdag er norma

Faste tilsetjingar og heile stillingar skal vere ein lovfesta rett. Normalarbeidsdagen er eit viktig prinsipp for arbeidstidsregulering. Ein regulert normalarbeidsdag skal sikre lønsmessig kompensasjon for upraktisk arbeidstid. FO ønskjer ein arbeidstidsreduksjon der målet er 6 timars normalarbeidsdag / 30 timars veke, med mål om full lønskompensasjon.

Alternative arbeidstidsordningar skal ha minst like gode vilkår som dei ordinære. Fagforeiningane skal forvalte innstillingsretten sentralt. Det blir stilt krav til strenge faglege grunngivingar, og at omsynet til helse, miljø og tryggleik blir vareteke ved innføring av alternative arbeidstidsordningar. All arbeidstid der arbeidstakar står til disposisjon, skal telje fullt ut som arbeidstid og bli løna deretter.

Gode permisjonsrettar

Ein solid og likestilt foreldrepermisjon, delt mellom foreldra, er sentral for å oppnå eit meir likestilt arbeids- og familieliv. Ein omfattande foreldrepermisjonskvote til far eller medforelder er framleis nødvendig. Alle skal ha sjølvstendig rett til opptening av foreldrepengar. Tyngjande omsorgsoppgåver skal gi gode permisjonsrettar med løn.

Gode pensjonsordningar

Folketrygda, AFP og tenestepensjonsordningane må sikre ein trygg og verdig alderdom for alle. Alderspensjonen til uføre må stå i eit rimeleg forhold til alderspensjonen som arbeidsføre får. Studium skal gi pensjonspoeng.

Påslagsordningane i offentleg og privat sektor må vareta behova til dei ulike arbeidstakargruppene. FO skal arbeide for at samla pensjon ved 67 år skal gi ei inntektsdekning på minst to tredelar av løna. Pensjonsreforma må evaluerast.

Pensjonssystemet må verke omfordelande. Samspelet mellom alderspensjonen i folketrygda og tenestepensjonsordningane må greiast ut. Det må innførast ei reell tidlegpensjonsordning i folketrygda som gjer det mogleg for dei som treng det, å gå av tidleg med eit godt pensjonsnivå. Yrkesgrupper i det offentlege som har behov for særaldersgrenser, må få dette.

Eit inkluderande arbeidsliv inneber tilrettelegging i alle livsfasar. Ein god personalpolitikk handlar om ein god arbeidslivspolitikk der arbeidsmiljø, arbeidsvilkår, verdsetjing og høve til utvikling medverkar til at arbeidstakarar trivst og kan stå i arbeid fram til pensjonsalder.

Arbeidsgivar skal leggje til rette for fagleg utvikling

Faglege karrierevegar i arbeidsforholdet bidreg til at erfaring og høg kompetanse blir behalde nær brukarane. Det skal etablerast system som legg til rette for fagleg oppdatering gjennom vidareutdanning og kompetanseutvikling for alle tilsette. Alle tilsette skal vere sikra god oppfølging. Tilsette må få tid og høve til både rettleiing og til etisk og kritisk refleksjon i profesjonsutøvinga.

1.3 Trygt arbeidsmiljø

Arbeidsmiljøet skal vere tilrettelagt slik at det førebyggjer stress, tidspress, mobbing, konfliktar og fysiske og emosjonelle belastningsskadar. Arbeidstakarane skal ha eit sterkt vern mot arbeidsmiljøbelastningar som vald, truslar, trakassering og netthets. Arbeidsgivar har eit særleg ansvar for å følgje opp eit godt og trygt arbeidsmiljø i samarbeid med tillitsvalde.

FO skal jobbe for gode juridiske rammevilkår som sikrar eit godt og trygt arbeidsmiljø på arbeidsplassen, heimekontor og hybride tilrettelagde arbeidsplassar. Arbeid med helse, miljø og tryggleik må tilpassast arbeid i velferdstenestene. Yrkesskadeerstatning må òg gjelde skadar som oppstår under øvingar og trening i regi av arbeidsgivar.

FO skal løfte fram røysta til arbeidstakarane i den offentlege debatten. Arbeidstakarane sit med viktig kompetanse og perspektiv som dei i større grad bør bidra med i den offentlege samtalen. Det er viktig at ytringsrommet til arbeidstakarane blir vareteke både internt og eksternt. Arbeidstakarar som varslar om kritikkverdige forhold, skal vernast mot sanksjoner.

Neste