Yrkesetisk grunnlagsdokument (nynorsk)

Dette yrkesetiske dokumentet er retta mot:

  • barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar
  • studentar og undervisningspersonell ved utdanningane for profesjonane
  • personar som nyttar seg av tenester frå desse profesjonane
  • arbeids- og oppdragsgivarar
  • kollegaer og samarbeidspartnarar

Målet med det yrkesetiske dokumentet er å:

  • styrkje etisk medvit og handling blant barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar
  • gi enkeltindivid, ålmenta og styresmakter innsyn i det etiske grunnlaget til desse profesjonane
  • bidra til å legitimere utøvinga av yrket og vere eit element i utviklinga av identiteten og sjølvjustisen til profesjonane
  • gi inspirasjon og rettleiing for etisk refleksjon og dialog
Neste