Yrkesetisk grunnlagsdokument (nynorsk)

Det yrkesetiske rådet hos FO skal bidra til etisk refleksjon og medvit blant barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar.

Samansetjing

Yrkesetisk råd blir valt av landsmøtet, og er sett saman av tre medlemmar frå kvar valseksjon og éin frå velferdsvitarane. Berre éin av desse medlemmane kan ha anna utdanning enn bachelor som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller velferdsvitar. I tillegg blir to eksterne medlemmar utnemnde.

Mandat

Rådet har som mandat å bidra til etisk refleksjon og medvit blant profesjonsutøvarane, og halde etisk diskusjon høgt på dagsordenen til organisasjonen. Rådet tek imot førespurnader om råd og drøfting av etiske spørsmål.