Yrkesetisk grunnlagsdokument (nynorsk)

Møtet mellom menneske

Helse- og sosialfagleg arbeid blir utøvd i møte mellom menneske. Profesjonsutøvaren må ha eit medvite forhold til eigen veremåte, eigne motiv og verdiar, og korleis desse påverkar dei ein møter. Som profesjonsutøvarar må vi vere merksame på korleis vi som profesjonell part påverkar styrkeforholdet i relasjonen, og korleis profesjonell makt kan bli nytta på ulike måtar.

Fagleg skjøn og vurderingar

Generalisert kunnskap, juridiske reglar og verdiar og normer er ikkje eit tilstrekkeleg handlingsgrunnlag i møte med dei mangfaldige og ofte komplekse behova til den enkelte. Helse- og sosialfagleg arbeid føreset at profesjonsutøvarane handlar fagleg forsvarleg og utviser godt fagleg skjøn.

Godt fagleg skjøn inneber å vurdere ulike handlingsalternativ og gjere eit val også når ingen av løysingane utmerkar seg som ideelle.

Profesjonsutøvaren må ha i bakhovudet at måten ein situasjon blir oppfatta, opplevd og vurdert på, ikkje berre avheng av den som får hjelpa, men blir påverka av erfaringane og den kulturelle bakgrunnen som profesjonsutøvarane har med seg i bagasjen. Godt fagleg skjøn må baserast på ei best mogleg utforsking av den aktuelle situasjonen, og perspektiva til dei som er involverte.

Profesjonsutøvarane har ansvar for å drøfte etiske dilemma, og søkje rettleiing når dei sjølve er i tvil.

Dialog og samarbeid

Samarbeid er ein føresetnad for utøving av helse- og sosialfagleg arbeid. Eit heilskapleg og godt koordinert tenestetilbod byggjer på gode relasjonar mellom dei det gjeld. For å kunne samarbeide mot eit felles mål må profesjonsutøvarane ha kjennskap til og vise respekt for kompetansen, rolla og arbeidssituasjonen til andre. Vi må delta i gode dialogar både med den enkelte som treng hjelp, og med aktuelle samarbeidspartnarar.

Dialog handlar om å dele personlege perspektiv på ein situasjon eller eit problem med andre involverte, og føreset at vi prøver å sjå verda gjennom auga til andre. Målet er å kome fram til ei felles avgjerd om vegen vidare som varetek verdiane til dei involverte, og som er akseptert av alle.

Helse- og sosialfagleg arbeid er ofte prega av motsetnader. Ei erkjenning av konfliktar er ein føresetnad for å kunne yte godt arbeid. Kritikk av kollegaer bør takast opp på ein open måte med den det gjeld, før kritikken blir bringa vidare i systemet. Lojalitet overfor kollegaer får ikkje kome i vegen for ein open diskusjon om behandlingsmetodar eller skjønsmessige vurderingar i konkrete saker.

Digitale hjelpemiddel og kommunikasjon

Sjølv om arbeidet til helse- og sosialarbeidarar primært blir utøvd gjennom møte mellom menneske, er digitale tenester og kommunikasjon viktig. Digitaliseringa bidreg mellom anna til betre og meir effektive tenester. Alle må ha høve til å nytte seg av slike tenester. Det føreset at profesjonsutøvarane tek ansvar for å gi tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og rettleier den enkelte ved behov.

Digital kommunikasjon kan avgrense høvet til å oppklare eventuelle mistydingar eller spørsmål. Profesjonsutøvaren treng difor god kompetanse i bruk av digitale verktøy for å kommunisere på ein tydeleg og forståeleg måte. Det skal vere lagt til rette på ein slik måte at alle er i stand til å kommunisere digitalt. Ulike bakgrunnar og føresetnader må takast omsyn til.

Teieplikt og personvern

Personvern er ein grunnleggjande verdi i helse- og sosialfagleg arbeid. Teieplikta er strengt lovregulert, og skal vareta retten som kvar enkelt har til å bestemme over informasjon om seg sjølv. Ho er ein føresetnad for ein tillitsfull relasjon.

Informasjon som ligg under teieplikta, kan vidareformidlast etter samtykke. Dersom det ikkje er gitt samtykke, skal vedkomande varslast før det blir vidareformidla informasjon som ligg under teieplikta. Unntaket er i saker som er omfatta av melde- og avverjingsplikta. Lovregulering og etiske omsyn tilseier at det skal tungtvegande grunnar til for å oppheve teieplikta. Profesjonsutøvaren skal sørgje for at samtykket blir gitt med tilstrekkeleg informasjon, og at den som samtykkjer, har forstått kva det blir samtykt til. Profesjonsutøvaren må sjå til at informasjonen er tilpassa alderen og føresetnadene til vedkomande.

Sjølv om det er gitt samtykke til å oppheve teieplikta, skal personvernet varetakast så langt som råd. Profesjonsutøvaren må kritisk vurdere kor mykje informasjon det er nødvendig å gi vidare, til kor mange og i kva format. Også når det gjeld innhenting av sensitive opplysningar er det viktig å vise måtehald, og ikkje spørje om meir informasjon enn det som trengst for å kaste lys over den aktuelle saka.

Nye og vidfemnande informasjonskanalar og sosiale medium opnar for rask og effektiv kommunikasjon. Det stiller krav til aktsemd når det gjeld spreiing av informasjon og opplysningar om ein tredjeperson. Som profesjonsutøvarar må barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar vere medvitne om rolla si. Det er viktig å reflektere over kven ein representerer når ein nyttar sosiale medium, og ha i mente at det her er vanskelegare å skilje mellom rolla som privatperson, profesjonsutøvar og tillitsvald.

Lojalitet

Gjennom samfunnsansvaret har profesjonsutøvaren ulike interesser å vareta. Profesjonsutøvaren har ansvar for å vareta behovet som kvar enkelt har for hjelp og støtte. Samstundes forvaltar vi dei kollektive samfunnsressursane og har ansvar for at ressursane blir forvalta til beste for fellesskapet. Det blir stilt krav til dei enkelte tenestene og kvar profesjonsutøvar om lojalitet overfor politiske føringar og vedtak, mellom anna når det gjeld organisatoriske og økonomiske rammer.

Det inneber at profesjonsutøvarar blir slitne mellom ulike plikter, og det kan oppstå lojalitetskonfliktar. Profesjonsutøvaren kan bli nøydd til å prioritere mellom ulike behov og enkeltpersonar. Den primære lojaliteten skal vere hos den mest sårbare parten.

Profesjonsutøvaren må kunne skilje mellom rettar og behov. Medan rettar angir kva den enkelte har krav på, må behov alltid vurderast med skjøn. Økonomiske rammer og avgrensa ressursar stiller krav til prioriteringar. Lojalitetskonfliktar kan skjult eller ope føre til val og prioriteringar som er i strid med yrkesetiske verdiar. Profesjonsutøvaren må vere medviten om slike dilemma og i stand til å drøfte dei med dei involverte. Det krev mot til å seie frå, ha evne til å argumentere fagleg og etisk for avgjerder og stå inne for val som blir tekne og gjennomførte i praksis.

Makt og maktutøving

Helse- og sosialfagleg arbeid inneber utøving av makt. Profesjonsutøvarane skal bruke makta og innverknaden dei har, til å hjelpe den enkelte med å synleggjere ressursar og behov. Ressursane til den enkelte skal mobiliserast og i størst mogleg grad gi innverknad over, og ansvar for eige liv. Profesjonsutøvarane må etterspørje og ta på alvor korleis personen oppfattar sin eigen situasjon, og gi god informasjon om rettar, moglegheiter og tilbod. Skriftleg materiale skal utformast på ein lettfatteleg måte.

Mange kan oppleve å ha lite reell innverknad i møte med hjelpeapparatet. Profesjonsutøvaren anerkjenner at den enkelte kjenner si eiga livshistorie og sin eigen situasjon best. Som profesjonsutøvarar må vi vere merksame på asymmetrien i forholdet, og at metodar vi nyttar, kan bli opplevde som maktbruk. Profesjonsutøvaren må også vere medviten om at eiga oppleving av avmakt/utryggleik eller negative haldningar overfor ein person kan auke faren for maktmisbruk.

Å utøve makt kan vere særleg utfordrande i arbeid med menneske som har vanskar med å forstå og tolke situasjonar, og som slit med å gi uttrykk for eigne ønske og behov. I slike møte må ein innhente nødvendig informasjon frå andre som kjenner vedkomande, og vere merksam på kroppsspråk og andre signal som kan gi uttrykk for korleis personen opplever situasjonen.

Tvangsbruk

Bruk av tvang og makt er alltid etisk problematisk, sjølv når det blir rekna som nødvendig og forsvarleg. Å utsetje ein person for tvang vil alltid påverke integriteten til vedkomande.

Profesjonsutøvaren skal ha eit kritisk blikk på all bruk av tvang, og ta ansvar for at problemstillingar knytte til tvangsbruk, blir drøfta. Vi må søkje etter alternativ til tvang, og vere pådrivar i det faglege arbeidet for å kjempe mot og førebyggje unødvendig tvangsbruk. Personen sjølv kan sjå andre og fleire alternativ til tvang, og profesjonsutøvarane må bidra med dialog og hjelp før situasjonen blir så alvorleg at tvang verkar som einaste utveg.

Tvang kan omfatte alt frå fridomsrøving, bruk av tvangsmiddel, tvangsbehandling og annan fysisk maktbruk, til avgrensingar i medråderetten og valmoglegheitene. God kjennskap til lovvilkåra for tvangsbruk er ein føresetnad for fagleg forsvarleg bruk av tvang, men lovreguleringane tek ikkje bort dei etiske dilemmaa og belastingane ved tvangsbruk.

God informasjon og dialog om grunngivinga for å bruke tvang kan gjere tiltaka meir forståelege og bidra til å redusere negative opplevingar og konsekvensar. Dette kan forsterkast ytterlegare dersom det blir nødvendig å bruke tvang overfor ein som ikkje har føresetnader for å forstå kvifor.

Profesjonsutøvarar kan oppleve å måtte utføre tvangstiltak som dei sjølve er fagleg eller etisk usamde i, men som andre har vedteke og kome til er forsvarlege. I slike situasjonar må profesjonsutøvaren særleg vurdere ulike handlingsalternativ og plikter.

Openheit, informasjon og varsling

Profesjonsutøvaren blir gjennom arbeidet sitt kjend med forhold som kan skape sosiale problem og bidra til sosial utstøyting eller uverdige livsvilkår, får samfunnsmessig merksemd og/eller blir gjort kjende på andre måtar. Offentleg tilsette pliktar å informere via tenestevegen for politiske vedtaksorgan.

Profesjonsutøvarar som blir merksame på feil, manglar eller kritikkverdige forhold ved verksemda, har ifølgje arbeidsmiljølova rett til å varsle. Samstundes har dei eit yrkesetisk ansvar for å varsle. I helse- og sosialfagleg arbeid kan dette ansvaret også handle om å varsle når kollegaer bryt etiske verdiar og plikter.

Lova krev at framgangsmåten ved varsling skal vere forsvarleg, og at varslingsrutinane i verksemda blir følgde. I enkelte saker der tenesteveg ikkje fungerer, kan det vere nødvendig å gå ut over tenestevegen og varsle den offentlege tilsynsstyresmakta.

Å varsle kan vere ei påkjenning for den som varslar. I enkelte situasjonar bør ikkje varslaren stå åleine om å melde frå om kritikkverdige forhold. Kollegaer eller fagforeininga kan i ein slik situasjon vere viktige støttespelarar.

Rettferdig grøn omstilling

Natur-, klima- og miljøutfordringar påverkar heile verda, og dei hardast ramma er dei som allereie har det vanskelegast. Den pågåande krisa krev at vi som samfunn, enkeltpersonar og profesjonsutøvarar omstiller oss til ein meir berekraftig måte å leve på. Den grøne omstillinga inneber meir berekraftige løysingar for alt frå innkjøp og forbruk, energikjelder og reiseverksemd til skatte- og fordelingspolitikk og korleis vi forheld oss til naturen rundt oss.

Helse- og sosialarbeidarar bidreg til det grøne skiftet i yrkesutøvinga, og må samstundes sikre at brukarar, pasientar og medborgarar opplever grøne tiltak og verkemiddel som rettferdige, og at byrdene vi som fellesskap må bere for å oppnå eit meir berekraftig samfunn, ikkje rammar hardast dei som har minst. Vi må jobbe for at grøne tiltak og verkemiddel skal vere tilgjengelege også for menneske med knapp økonomi og få ressursar. Vi må velje berekraftige løysingar som sørgjer for at ressursar blir fordelte på ein rettferdig måte, både mellom dei som lever i dag og framtidige generasjonar.

Neste