Vedtektene 2023-2027 (nynorsk)

§ 5.1 Generelt

Landsmøtet er det høgste organet til FO.

Landsmøtet blir halde kvart fjerde år, ordinært innan utgangen av november, og blir kalla inn av arbeidsutvalet med minst 36 vekers varsel.

Medlemmar som ønskjer å fremje eit forslag for landsmøtet, sender det til avdelinga si. For at forslaget skal kunne behandlast på landsmøtet, må det ha fleirtal i representantskapsmøtet til avdelinga. Det same gjeld forslag som blir fremja av avdelingsstyret.

FO-studentane fremjar saker etter behandling i avgjerdsorgana.

Saker som avdelingane ønskjer å få behandla på landsmøtet, må sendast til arbeidsutvalet minst 24 veker før landsmøtet.

Saker til landsmøtet med innstilling frå landsstyret skal liggje føre og gjerast tilgjengelege for medlemmane minst fem veker før landsmøtet.

§ 5.2 Representasjon

Delegatane til landsmøtet består av 156 avdelingsdelegatar, 12 studentdelegatar, éin delegat frå velferdsvitarane og medlemmane i landsstyret. Representanten for tilsette møter med tale- og forslagsrett i landsstyret.

Leiarar for yrkesetisk råd, kontrollkomité, valkomité og setjevalkomité møter med talerett.

Dei 156 avdelingsdelegatane til landsmøtet blir valde av representantskapet til avdelinga. FO blir delt inn i valområde, slik at medlemmane i kvar valseksjon i kvar avdeling utgjer eitt valområde.

Kvart valområde blir tildelt éin delegat uavhengig av medlemstal. Dei resterande delegatane blir fordelte prosentvis mellom valområda på bakgrunn av medlemstal per 01.04. same året som landsmøtet blir halde.

Delegasjonen som kvar avdeling sender til landsmøtet, må bestå av minst 50 % kvinner.

FO-studentane vel 12 delegatar, der alle bachelorutdanningane, jf. § 3.1, skal vere representerte.

Landsstyret vel ut éin person frå velferdsvitarutvalet som delegat til landsmøtet. Delegaten stiller med fulle rettar.

Landsmøtedelegatane må vere à jour med medlemskontingenten. Fullmaktene skal vere underskrivne av to medlemmar av avdelingsstyret. Fullmaktene til studentdelegatane skal vere underskrivne av leiar for FO-studentane.

Arbeidsutvalet utnemner ein fullmaktskomité som granskar fullmaktene og legg fram ei innstilling for landsmøtet, som fattar endeleg vedtak om godkjenning av fullmaktene.

FO dekkjer reise- og opphaldsutgifter for innkalla landsmøtedeltakarar.

§ 5.3 Dagsorden

  1. Opning
  2. Lovgrunnlag for innkallinga
  3. Konstituering
    3.1. Val av dirigentar
    3.2. Val av sekretærar
    3.3. Val av protokollkomité på tre medlemmar
    3.4. Val av redaksjonskomitear
  4. Godkjenning av fullmakter
  5. Godkjenning av saksliste, dagsorden og forretningsorden
  6. Skildringar
  7. Rekneskap
  8. Saker som er lagde fram av eller gjennom landsstyret
  9. Prinsipprogram
  10. Økonomi
    10.1. Økonomiske prioriteringar for perioden
    10.2. Fastsetjing av kontingent
  11. Val av:
    11.1. Arbeidsutval: Forbundsleiar, nestleiar og tre AU-medlemmar. Dei tre AU-medlemmane leiar kvart sitt profesjonsråd. Alle blir valde ved særskilde val.
    11.2. Avdelingsrepresentantar ved landsstyret: éin representant og to vararepresentantar frå kvar avdeling. Representantskapet til avdelingane foreslår tre representantar: éin frå kvar valseksjon. Dei innstilte skal ikkje vere heiltids frikjøpte organisasjonstillitsvalde. Valkomiteen innstiller for landsmøtet kven av dei foreslåtte som skal vere faste representantar. Dei to andre er vararepresentantar. Blant dei faste representantane med røysterett i landsstyret skal ein leggje vinn på at ingen profesjon har fleirtal åleine. Minst 50 % skal vere kvinner. Det er ei målsetjing at dei viktigaste sektorane/tariffområda blir representerte.
    11.3. Éin representant og to vararepresentantar til landsstyret frå velferdsvitarane
    11.4. Leiar og to medlemmar til kontrollkomité
    11.5. Val av valkomité: leiar og seks medlemmar, jf. § 10.2.
    11.6. Yrkesetisk råd
    11.7. Andre tillitsvalde
    11.8. Representantar med vararepresentantar til LO-representantskapet
    11.9. Representantar med vararepresentantar til LO-kongressen

Saker som ikkje står på dagsordenen, kan ikkje avgjerast av landsmøtet. Landsmøtet kan likevel med 2/3 fleirtal vedta å behandle forslag til utoverretta fråsegner. Omfang og måte blir vedteke av landsmøtet under sak 5.

§ 5.4 Røysterett, behandlings- og røystereglar

Alle lovleg valde delegatar og medlemmane av landsstyret har røysterett.

Alle røystingar blir gjorde i samla landsmøte. Ved røysting har kvar delegat éi røyst.

Med mindre noko anna er bestemt, blir alle saker avgjorde ved votering med alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal blir forslaget forkasta. Ved val blir det kravd alminneleg fleirtal.

Neste