Vedtektene 2023-2027 (nynorsk)

§ 21.1 Grunn til suspensjon og ekskludering

Medlemmar som set seg ut over desse vedtektene eller det etiske grunnlagsdokumentet til forbundet, eller som på annan måte handlar til alvorleg skade for yrket sitt eller FO, kan bli suspenderte eller ekskluderte.

Medlemmar som er tilslutta eller gir til kjenne at dei støttar rasistiske/nazistiske og/eller fascistiske organisasjonar, kan bli suspenderte eller ekskluderte.

§ 21.2 Vedtak om suspensjon og ekskludering

Arbeidsutvalet kan fatte vedtak om suspensjon. Dersom grunnlaget er av yrkesetisk karakter, blir saka behandla etter føregåande behandling og innstilling frå Yrkesetisk råd. Vedtak gjeld fram til landsstyret fattar vedtak om eksklusjon/frifinning.

§ 21.3 Høve til å anke

Vedtak om suspensjon kan ankast til landsstyret – innan éin månad etter at medlemmen har fått skriftleg varsel om det – utan at klaga har utsetjande verknad. Føresegnene i forvaltingslova gjeld.

§ 21.4 Nytt opptak som medlem

Ein medlem som har vore ekskludert, kan bli teken inn att som medlem etter vedtak av landsstyret.

Den suspenderte/ekskluderte har høve til å bringe avgjerda inn for landsmøtet.

§ 21.5 Møterett ved behandling

Ein medlem som er foreslått suspendert/ekskludert, har rett til å gjere greie for synet sitt før behandlinga hos arbeidsutvalet/landsstyret. Korleis dette skal gjerast, blir avtalt i kvart enkelt tilfelle ut frå praktiske omsyn.

Neste