Vedtektene 2023-2027 (nynorsk)

§ 11.1 Organisasjonsområdet til avdelinga

Landsstyret fastset grensene for organisasjonsområdet til kvar enkelt avdeling, jf. § 7, pkt. l.

Avdelinga organiserer medlemmar av FO som arbeider eller studerer innanfor organisasjonsområdet til avdelinga. For andre medlemmar gjeld bustadadresse. Landsstyret avgjer unntak frå desse føresegnene.

Oppdeling eller samanslåing av avdelingar skal behandlast av landsmøtet.

§ 11.2 Oppgåvene til avdelinga

Avdelinga skal leggje opp aktiviteten sin i tråd med prioriteringane som landsmøtet og landsstyret har bestemt.

Avdelinga har følgjande primære arbeidsoppgåver:

a. Vareta løns- og arbeidsvilkåra til medlemmane.
b. Utvikle og oppretthalde eit effektivt lokalt klubb- og tillitsvaldapparat innanfor alle sektorar og tariffområde.
c. Støtte og hjelpe dei klubbtillitsvalde.
d. Vere bindeledd mellom medlem/klubb og forbundskontor i medlemssaker.
e. Drive skulering av tillitsvalde, og arrangere konferansar for tillitsvalde.
f. Samarbeide med andre avdelingar om skulering av tillitsvalde, og bygging av klubbar på tvers av avdelingar.
g. Drive aktiv medlemsverving og -bevaring.
h. Sørgje for at medlemmane får eit profesjonsfagleg tilbod på fylkesnivå.
i. Støtte opp om det helse- og sosialpolitiske arbeidet i forbundet, og gi klubbane nødvendig støtte på dette området.
j. Drive politisk påverknadsarbeid.
k. Stifte, skulere og oppretthalde lokallag av FO-studentane ved studiestadene i fylket.
l. Verve studentar ved bachelor- og masterutdanningane.
m. Arrangere årsmøte og representantskapsmøte i avdelinga.
n. Fremje aktuelle saker for landsstyret.
o. Samarbeide med andre fagorganisasjonar, profesjonar og ulike brukargrupper der dette er føremålstenleg.
p. Sende rapport og rekneskap til landsstyret.

§ 11.3 Årsmøtet til avdelinga

Årsmøtet er høgste myndigheit i avdelinga, og blir halde annakvart år innan utgangen av mars.

Avdelingsstyret kallar inn til årsmøte med minst seks vekers varsel. Medlemmar og klubbar som ønskjer å fremje forslag til årsmøtet, må gjere dette minst fire veker før årsmøtet blir halde.

Saker til årsmøtet med innstilling frå styret blir tilgjengelege for medlemmane minst to veker før årsmøtet. Saker som ikkje står på dagsordenen, kan behandlast dersom 2/3 av årsmøtet ønskjer dette.

Alle saker som blir tekne opp på årsmøtet til avdelinga, blir avgjorde med alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal gjeld røysta til leiar som dobbeltrøyst. Unntaket er ved val av leiar: Valet blir her avgjort ved loddtrekning etter ei andre votering.

Årsmøtet har følgjande dagsorden:

  1. Opning
  2. Konstituering
    2.1. Lovgrunnlag for innkallinga
    2.2. Val av dirigent(ar)
    2.3. Val av sekretær(ar)
    2.4. Val av protokollkomité
    2.5. Val av redaksjonskomité
    2.6. Val av teljekorps
    2.7. Godkjenning av sakliste og dagsorden
    2.8. Godkjenning av forretningsorden
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap og rapport frå kontrollkomiteen
  5. Innkomne forslag og handlingsprogrammet til avdelinga
  6. Økonomi
    6.1. Økonomiske prioriteringar for årsmøteperioden
    6.2. Budsjett
  7. Fastsetjing av storleik på og samansetjing av representantskapet (jf. § 11.4).
  8. Val av:
    8.1. Avdelingsstyret: leiar, nestleiar(ar), avdelingssekretærar og minst fem styremedlemmar. Blant styremedlemmane skal det vere ein profesjonsfagleg ansvarleg for kvar profesjon, pluss ein kasserarfunksjon.
    8.2. Profesjonsfaglege utval
    8.3. Rådgivande utval
    8.4. Valkomité
    8.5. Kontrollkomité
    8.6. Andre utval

Leiar, nestleiar(ar), avdelingssekretær(ar) blir valde for ein periode på fire år. Dei resterande vala blir gjorde for ein periode på to år.

Alle avdelingsmedlemmar som er à jour med kontingenten, kan veljast.
Representantskapet til avdelinga møter med tale-, forslags- og røysterett.
Andre medlemmar av avdelinga har møte-, tale og forslagsrett.

Ekstraordinært årsmøte kan haldast etter vedtak i styret eller representantskapet til avdelinga, eller når minst 1/3 av medlemmane krev det skriftleg. Det blir kalla inn med minst tre vekers varsel, og kan berre fatte vedtak i saker som er melde i innkallinga.

FO-arbeidsutvalet får ein kopi av protokollen frå avdelinga innan fire veker etter årsmøtet. Kopien skal i tillegg til årsmelding og rekneskap, jf. § 11.2, innehalde rapport frå kontrollkomiteen.

§ 11.4 Representantskapet til avdelinga

Representantskapet er høgste avdelingsorgan mellom årsmøta.

Representantskapet består av valde representantar frå klubbar, pluss styret i avdelinga, inklusive landsstyrerepresentanten, leiarane for avdelingsutvalet og representantane frå FO-studentane.

Årsmøtet vedtek storleiken på og samansetjinga av representantskapet.

Avdelingsstyret kallar inn representantskapet til møte minst to gongar i året.
Medlemmane i representantskapet blir kalla inn med minst fire vekers varsel.

Avdelingsstyret kallar elles inn representantskapet når det finn det nødvendig, eller når minst 2/3 av medlemmane i representantskapet krev det.

Representantskapet behandlar forslag til saker og val av delegatar til landsmøtet, og nominasjon av representant til landsstyret med vara. Dette skjer innanfor fristane som går fram av § 5.

Året før årsmøtet vel representantskapet ein setjevalkomité med tre medlemmar. Setjevalkomiteen innstiller medlemmar til valkomiteen som skal veljast på årsmøtet, og fungerer mellom årsmøta.

Det året det ikkje er årsmøte, vedtek representantskapet avdelingsbudsjettet og godkjenner avdelingsrekneskapen for førre år.

Alle saker i representantskapet blir avgjorde med alminneleg fleirtal. Ved likt røystetal gjeld røysta til leiar som dobbeltrøyst. Unntaket er ved val av leiar: Valet blir her avgjort ved loddtrekning etter ei andre votering.

Det blir ført protokoll frå representantskapsmøta.

§ 11.5 Avdelingsstyret

Avdelingsstyret er utøvande organ for avdelinga. Avdelingsstyret blir sett saman slik at ingen profesjon har fleirtal åleine. Anna samansetjing føreset dispensasjon frå landsstyret.

Medlemmane i avdelingsstyret har tale-, forslags- og røysterett.

Landsstyrerepresentant(ar) for avdelinga møter fast i avdelingsstyret med tale-, forslags- og røysterett.

FO-studentane vel to representantar til avdelingsstyret. Den eine har tale-, forslags- og røysterett, medan den andre har tale- og forslagsrett. Der avdelinga omfattar meir enn eitt lokallag, blir det valt ein representant med tale- og forslagsrett for kvart av dei andre lokallaga.

Avdelingsstyret er vedtaksdyktig når minst halvparten av medlemmane er til stades. Ved likt røystetal har leiar dobbeltrøyst. Avdelingsstyret fører protokoll frå møta sine.

Arbeidsutvalet til avdelingsstyret består normalt av leiar, nestleiar og avdelingssekretær, og fungerer mellom styremøta etter fullmakt gitt av avdelingsstyret.

Mellom møta i arbeidsutvalet til avdelingsstyret har leiar fullmakt frå arbeidsutvalet til avdelingsstyret.

§ 11.6 Utvala til avdelingane

§ 11.6.1 Kontrollkomité

Kontrollkomiteen består av tre medlemmar som er valde av årsmøtet. Kontrollkomiteen skal sjå til at vedtak og økonomiske disposisjonar blir følgde opp i tråd med lovleg fatta vedtak. Kontrollkomiteen legg fram rapporten sin på årsmøtet. Medlemmar i kontrollkomiteen kan ikkje ha andre verv som organisasjonstillitsvalde i avdelinga.

§ 11.6.2 Valkomité

Valkomiteen består av like mange medlemmar frå kvar valseksjon. Valkomiteen blir vald av årsmøtet, og førebur val til påfølgjande årsmøte, i tillegg til suppleringsval i perioden og delegatar til landsmøtet.

§ 11.6.3 Rådgivande utval

Representantskapet eller avdelingsstyret utnemner dei rådgivande utvala som er nødvendige for å skjøtte avdelingsoppgåvene. Møte i rådgivande utval er å rekne som deltaking i styrande avdelingsorgan.

§ 11.6.4 Profesjonsfaglege utval

Profesjonsfaglege utval blir valde for kvar valseksjon med profesjonsfagleg ansvarleg som leiar. Alternativt blir det valt eitt felles profesjonsfagleg utval.

Neste