§ 10.1 Kontrollkomité
Landsmøtet vel ein sentral kontrollkomité som skal sjå til at dei organisatoriske og økonomiske disposisjonane som blir gjorde, er i samsvar med vedtekter og vedtak i landsmøtet, landsstyret og AU.
Medlemmane i kontrollkomiteen kan ikkje ha andre verv som organisasjonstillitsvalde i FO.
§ 10.2 Valkomité
Valkomiteen, jf. § 5.3, pkt. 11.5, skal ha følgjande samansetjing:
Alle valseksjonane skal vere representerte, og ingen profesjon skal ha fleirtal åleine. Kvar valseksjon har to vararepresentantar: 1. og 2. vara. Leiar for valkomiteen skal ha to vararepresentantar (1. og 2. vara), som blir valde blant medlemmane i valkomiteen.
Mellom landsmøta har valkomiteen i oppgåve å innstille overfor landsstyret:
- Kandidatar for supplering til landsmøtevalde verv i perioden
- Medlemmar av profesjonsråd
- Medlemmar i velferdsvitarutvalet, jf. §7
- Delegat med vara frå velferdsvitarutvalet til landsmøtet, jf. § 7
§ 10.3 Profesjonsråd
Profesjonsråda har ansvar for å arbeide med interessene til medlemmane i spørsmål som gjeld bachelor-/masterutdanningar og utdanningar utover bachelornivå, fagutvikling, fagkritikk, yrkesetikk og andre profesjonsfaglege spørsmål.
Det blir valt tre profesjonsråd som blir leia av kvar sin medlem av Arbeidsutvalet. Profesjonsråda har åtte medlemmar kvar.
Velferdsvitarutvalet har éin representant i profesjonsrådet for sosionomar.
FO-studentane kan velje inn ein representant med vara frå respektiv utdanning.
Profesjonsrådet skal særleg:
- Stimulere til idéskaping, nettverksbygging og debatt innanfor dei ulike arbeidsområda og profesjonane.
- Bidra til å utvikle profesjonsfaget kritisk innanfor forsking, utdanning og i praksisfeltet.
- Utvikle og leggje til rette for samarbeid mellom profesjonane og andre fagmiljø.
- Gi råd i sentrale spørsmål som gjeld profesjonane, utdanning, kompetansebehov, yrkesetikk m.m.
- Sikre samarbeid og samanheng mellom arbeidet i profesjonsråda.
- Ha ansvar for å utvikle kontakt og samarbeid med dei lokale profesjonsutvala.
- Synleggjere kompetansen og arbeidsområda til profesjonane.
§ 10.4 Yrkesetisk råd
Yrkesetisk råd blir valt av landsmøtet, og er sett saman av tre medlemmar frå kvar valseksjon og éin frå velferdsvitarane. Berre éin av desse medlemmane kan ha anna utdanning enn bachelor som barnevernspedagog, sosionom, vernepleier eller velferdsvitar. I tillegg blir to eksterne medlemmar utnemnde.
Rådet har som mandat å bidra til etisk refleksjon og medvit blant profesjonsutøvarane, og halde etisk diskusjon høgt på dagsordenen til organisasjonen. Rådet tek imot førespurnader for råd og drøfting av etiske spørsmål.
§ 10.5 Godkjenningsutval
Godkjenningsutval for dei respektive profesjonane blir utnemnt av landsstyret etter innstilling frå profesjonsråda.