Vedtektene 2023-2027 (nynorsk)

§ 1 Organisasjon

Namnet på forbundet er FO (Fellesorganisasjonen).
FO er medlem av Landsorganisasjonen i Noreg (LO).
FO er partipolitisk uavhengig.

§ 2 Formål

FO skal vere leiande arbeidstakarorganisasjon for barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar. FO skal fremje løns- og arbeidsvilkåra til medlemmane, og vere leiande på helse- og sosialpolitikk, yrkesetikk og profesjonsfag.

FO skal:
  1. Arbeide for å betre løns- og arbeidsvilkåra til medlemmane.
  2. Arbeide for ei kontinuerleg utvikling av profesjonsfaga og utdanningane.
  3. Vere ein pådrivar i helse- og sosialpolitikk.
  4. Arbeide for å fremje den faglege og etiske standarden til medlemmane.
  5. Arbeide for eit solidarisk samfunn der grunnpilarane er likeverd, tryggleik og ein rett for alle til utdanning og arbeid.
  6. Kjempe for likestilling mellom kjønna.
  7. Kjempe mot alle former for rasisme, diskriminering, undertrykking og forfølging.
  8. Fremje samarbeid mellom kollegaer og organisasjonar på det helse- og sosialfaglege feltet i inn- og utland.
  9. Arbeide for ei fri og uavhengig fagrørsle.
  10. Synleggjere FO-profesjonane.

§ 3 Medlemskap

Vilkår for medlemskap:

  1. Fullført bachelor-/masterutdanning innanfor barnevern, sosialt arbeid, vernepleie og velferdsfag.
  2. Det kan bli gitt dispensasjon for søkjarar med likeverdige utdanningar. Dispensasjonssøknader blir behandla av arbeidsutvalet.
  3. Studentar ved godkjende utdanningsløp, jf. pkt. 1.

Medlemskategoriar:

  1. Yrkesaktive medlemmar.
  2. Ikkje-yrkesaktive medlemmar.
  3. B-medlemmar – yrkesaktive medlemmar (jf. pkt. 1 og 2 over) som arbeider i sektor/bransje/bedrift der forbundet ikkje har grunnlag for å opprette tariffavtale. Søknader om B-medlemskap blir behandla som i pkt. 2.
  4. Studentar ved godkjende utdanningsløp, jf. pkt. 1. Medlemmar som tek mastergrad eller anna vidareutdanning og har studiet som primær sysselsetjing.
  5. Pensjonistar/stønadsmottakarar.

Medlemmane pliktar å rette seg etter vedtektene og det yrkesetiske grunnlagsdokumentet til forbundet.

Personar som er medlemmar av rasistiske, nazistiske og/eller fascistiske organisasjonar, eller gir til kjenne at dei støttar desse, kan ikkje vere medlemmar av FO.

Ved flytting til utlandet får medlemmen kvilande rettar. Yrkesaktive medlemmar i utlandet betaler kontingent som B-medlem. Medlemmen høyrer framleis til avdelinga si.

Next