Yrkesetisk grunnlagsdokument (nynorsk)

Internasjonale grunnlagsdokument

Respekten for menneskeverd og -rettar slik det går fram av menneskerettserklæringa, barnekonvensjonen, konvensjon om rettar for funksjonshemma (CRPD) og berekraftmåla til FN og andre relevante internasjonale konvensjonar, dannar utgangspunktet for etablering av felles etiske verdiar på tvers av nasjonar og kulturar. FN og andre internasjonale organisasjonar har vedteke ei rekkje forpliktande dokument som er viktige for utforminga av profesjonsetikk.

Saman med International Association of Schools of Social Work (IASSW) vedtok International Federation of Social Workers (IFSW), som FO er medlem av, i 2004 dokumentet «Statement of Ethical Principles» – ei erklæring om etiske prinsipp i sosialt arbeid og yrkesetiske retningslinjer. Som medlemmar av IFSW er profesjonane forplikta av dette internasjonale dokumentet. FO er òg medlem av International Association of Social Educators (AIEJI), og dermed forplikta også av deira etiske dokument.

Felles verdiar i yrkesetisk grunnlagsdokument

Menneskeverd

Alle menneske har same grunnleggjande verdi og rett til gode levekår og livskvalitet. Profesjonsutøvaren skal forsvare retten som kvar enkelt har til liv og helse, kjempe mot bruk av vald og tvang, og arbeide for at alle skal få så gode levekår og så god livskvalitet som mogleg.

Vi anerkjenner mangfaldet av samisk kultur og erfaringar, og verdset kunnskapen som urfolk sit med. Vi forpliktar oss til å jobbe saman med samar og nasjonale minoritetar, støtte rettane deira og måla om medråderett, og jobbe for å avskaffe diskriminering og fremje likestilling.

Respekt for integriteten til kvar enkelt

Respekten for verdiane og ønsket til kvar enkelt om kontroll over eige liv er grunnleggjande i helse- og sosialfagleg arbeid. Gjennom dialog og tilrettelegging for medverknad skal profesjonsutøvaren bidra til å gi den enkelte betre føresetnader for å leve eit godt liv i samsvar med eigne verdiar og moglegheiter. Profesjonsutøvarane har særleg ansvar for å skilje mellom ulike preferansar og levemåtar som må anerkjennast, og åtferd og handlingar som bryt med fundamentale menneskerettar og lovreguleringar.

Profesjonsutøvarane har ansvar for å vareta moglegheitene kvar enkelt har til å delta aktivt i møte med tenesta. Det gjeld òg på den digitale arenaen tenesta er del av. Ved å identifisere behova, den digitale kompetansen og moglegheitene til kvar enkelt skal profesjonsutøvaren leggje til rette for å møte brukarane der dei er.

Anerkjenning av ulikskap og ikkje-diskriminering

Helse- og sosialfagleg arbeid skal ta omsyn til behova og dei individuelle preferansane til kvar enkelt. Profesjonsutøvarane skal kjempe mot forskjellsbehandling og diskriminering av menneske på grunnlag av etnisitet, kultur, språk, kjønn, kjønns- og seksualitetsmangfald, sosial og økonomisk status, funksjonsnedsetjing, religion, livssyn, politisk syn, alder og andre vesentlege personlege aspekt.

Heilskapssyn på mennesket

Helse- og sosialfagleg arbeid legg til grunn at det er mange sider ved livet vårt som verkar inn på velferda vår, og at individ og samfunn påverkar kvarandre. Profesjonsutøvaren skal leggje vekt på ei heilskapleg tilnærming til menneske som treng samansette og tverrfaglege tenester. Vedkomande skal bidra til at ulike tenester samarbeider om heilskaplege tilbod.

Tillit, openheit, ærleg framferd

Helse- og sosialfagleg arbeid må baserast på tillit mellom profesjonsutøvaren og den som treng bistand. Tillit er avgjerande for ein god relasjon, men er samstundes skjørt. Som profesjonsutøvar må ein vere medviten om makta som ligg i rolla som hjelpar. Det er viktig å fokusere på open kommunikasjon, forståeleg informasjon, tydelege grunngivingar og varetaking av konfidensialitet.

Omsorg og nestekjærleik

Profesjonsutøvarane skal vise omsorg og respekt ved å identifisere og møte udekte behov på ein slik måte at ressursane og verdiane til den andre blir tekne omsyn til. Profesjonsutøvaren har eit særskilt ansvar for å hjelpe dei som ikkje sjølve er i stand til å vareta eigne behov og interesser.

Solidaritet og rettferd

Ut frå erkjenninga av at menneske er gjensidig avhengige av kvarandre, skal profesjonsutøvaren fremje solidaritet mellom individ og grupper. Ei rettferdig fordeling av samfunnsressursane er eit viktig mål i helse- og sosialfagleg arbeid. Rettar skal alltid hegnast om, og profesjonsutøvarane har eit særskilt ansvar for å arbeide for auka rettstryggleik og betre levekår for utsette grupper i samfunnet. For å lukkast med det må ein bruke eit språk og kommunisere på ein måte som den enkelte forstår og meistrar.

Rettferdig grøn omstilling

Som profesjonsutøvarar må vi engasjere oss i klimapolitiske spørsmål for å sikre berekraftige løysingar for alle. Grøn omstilling må vere rettferdig, og ikkje utilsikta ramme menneske som allereie opplever ufridom og knappheit på økonomiske og materielle ressursar. Både natur og dyreliv må takast omsyn til.

Ansvar

Alle har eit sjølvstendig ansvar for at eigne handlingar er i samsvar med fagleg kunnskap, juridiske rammer og yrkesetiske plikter.

Leirar har eit særskilt ansvar for at det blir lagt til rette for etisk refleksjon på arbeidsplassen. Dersom profesjonsutøvarane blir pålagde å utføre handlingar dei ikkje ser på som fagleg eller etisk forsvarlege, har dei ansvar for å melde frå om dette til dei rette instansane.

Neste