Yrkesetisk grunnlagsdokument (nynorsk)

Profesjonsetikk handlar om normer og verdiar ein møter som profesjonsutøvar, og korleis ein reflekterer over og grunngir handlingsval. Profesjonsetikk for helse- og sosialarbeidarar skal gi eit grunnlag for ansvarleg handling og grunngitte verdival i profesjonsutøvinga.

Profesjonsutøvinga til barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar er basert på humanistiske og demokratiske verdiar. Profesjonsutøvarane skal hjelpe menneske som treng det for å få livskvalitet og menneskeverdige levekår. Solidaritet med utsette grupper, kamp mot fattigdom og arbeid for sosial rettferd og sosial endring står difor sentralt i verksemda til profesjonsgruppene.

Arbeidet til profesjonsutøvarane tek utgangspunkt i verdiane, kunnskapane og ressursane til kvart menneske. Dei skal sørgje for at tiltak og tenester bidreg til at den enkelte har makt og kontroll over eige liv, eigne livsvilkår og handlingsval.

Ein person med behov for bistand kan oppleve å vere avhengig av hjelp frå andre, og profesjonsutøvarane kan kjenne på at dei grip inn i livet til vedkomande mot hans/hennar vilje. I kraft av fagleg kompetanse og profesjonell status har barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar makt til å hjelpe, men hjelpa kan i enkelte tilfelle bli opplevd som krenkjande for den som treng henne.

På dette feltet er det såleis vanskeleg å skilje mellom faglege og etiske utfordringar. Ettersom all fagleg kunnskap byggjer på ei bestemt forståing av røynda og eit bestemt menneskesyn, er ikkje kunnskapen verdinøytral. Profesjonsutøvaren må difor ha eit kritisk blikk på eigen fagkunnskap og korleis denne blir utvikla og brukt. Barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar har ansvar for å halde seg fagleg oppdaterte og sjå til at tilbodet dei gir, er fagleg forsvarleg og i tråd med gjeldande regelverk.

Helse- og sosialfagleg arbeid føreset både teoretisk og praktisk kunnskap, evne til etisk refleksjon og respekt overfor verdiane og livsvala til kvar enkelt. Samfunnsoppdraget til profesjonane våre forpliktar oss til å vere med på å påverke rammevilkåra for arbeidet og melde frå dersom tiltak og tenester får uheldige konsekvensar for grupper eller enkeltpersonar. Dette føreset profesjonsetikk som bidreg til etisk refleksjon, gode vilkår for samarbeid og eit kritisk blikk på det faglege arbeidet som ein sjølv og andre gjer.

Dette yrkesetiske dokumentet presenterer forpliktande fellesverdiar for profesjonane, og tek for seg utvalde etiske utfordringar og problemområde.

Neste